mat og drikke

Lettsalta torsk

Her kjem oppskrifta på enda eit klassisk fiskemåltid slik eg har blitt servert det i oppveksten. Eg har inntrykk av at mange ikkje veit korleis dei skal tilberede fisk. Det fins nok meir fancy måtar å tilberede lettsalta torsk på enn eg har gjort her, men salttorsk er så godt i seg sjøl, at ein gjerne kan gjere det kjapt og enkelt og få eit fortreffande måltid ut av det!

Dette treng du:
Lettsalta torsk, 200-300 gram eller meir per person
2-3 gulrøtter per person
purre
smør

Potetstappe:
Potet, ein meir per person enn til vanleg
smør
salt
mjølk

Slik gjer du:

For å spare tid, brukar eg å skjære poteten i små terningar og koke den på rist. (Hvis ein kokar småbitar med potet uten rist, kan dei gå i oppløysning i vatnet)  Mens poteten kokar, kan skjære gulrøtene i to til fire bitar og la dei koke i ein liten kjele med vatn. Så skjær eg purren varmar opp rikeleg med smør i ein kjele og puttar purren i og let den stå og putre i smøret.

Deretter skjær eg og fisken i passlege serveringsstykke. Når fisken skal tilberedast, har du to valg. Enten kan du varme opp vatn i ein passe stor kjele og la fisken trekke forsiktig (absolutt ikkje boblokoke!) i 6-8 minutt i vatnet. Eit anna alternativ, som eg har begynt med, er å trekke fisken på rist. Dette passar best om ein har ei stor rist som er høgt over vatnet. Då skal fisken stå på middels varme i 7-10 minutt. Fordelen med denne metoden, er at det er lettare å unngå at fisken dett frå kvarandre. Eg brukte den samme rista som for potetane, og trekte fisken medan eg laga potetstappe.

Når poteten er så mjuk at den sprekk opp når du stikk i den, er den klar for stapping, og du kan helle av vatnet. Sett igang fisken og la den trekke. Ha smør og littegrann mjølk i potetane. Om du har stavmiksar, kan du bruke det, men vær forsiktig! Eg synes potetstappa blir for “glatt” om du står for lenge med stavmiksaren. Berre trykk den lett ned, og så kan du heller bruke ein stappar eller berre røre etterpå. Ha oppi salt og meir mjølk og smør til du synes stappa har passe smak og konsistens.

Og ikkje gløm gulrøtene! Stikk i dei med ein kniv for å kjenne om dei er blitt passe mjuke. Når ein lagar enkel mat, blir utfordringa å koke/trekke alt passe mykje. Torsken er helst ferdig etter den nevnte tida, du kan ta ut eit stykke og skjære i midten om du er usikker. Ha helst torsken vekk frå vatnet og over i ei form eller på tallerkenen når den er ferdig.

Og ikkje gløm purresmøret! Det er ferdig når purren byrjar å bli mjuk. Da er det berre å forsyne seg med rikeleg av alt og så kan du nyte eit lettlaga, men herlig balansert måltid.

Standard
Uncategorized

Saksa frå søndagsavisa

Oda_krohg_aftenposten_1887 Eg har ete sein frukost og lese Aftenpostens kulturdel, og fekk lyst å dele to sitat frå artiklar eg vart begeistra over.

Det første sitatet er henta frå Dag Hessen sin artikkel om Jared Diamonds nye bok om den menneskelege levemåtar, som heiter: The World Until Yesterday: What Can We Learn from Traditional Societies? For den som ikkje har hørt om Diamond, så er han professor i geografi og fysiologi i tillegg til at han har bakgrunn i fleire andre fag. Han blir kalla populærvitenskapelig og tverrfaglig og skriv på ein måte som gjer bøkene hans ganske oppslukande, synes eg. Eg har så langt lest Collapse: How Societies Choose to Fail or Succeed som gjorde stort inntrykk på meg med sine detaljerte beskrivelsar av samfunn som gjekk til grunne. Før denne kom Guns, Germs, and Steel: The Fates of Human Societies. Begge desse er oversatt til norsk, og saman med den siste (som ikkje fins på norsk enda) utgjer desse bøkene ein slags trilogi. Så no har eg nok å lese for ei stund! Men tilbake til Hessen sine betraktningar etter å he lese boka:

«Til tross det materielle overskudd har det oppstått et relasjons- og meningsunderskudd. Forfedrenes kamp for et bedre liv er kronet med seier, men forbannelsen ligger i ønskets oppfyllelse. (…) Vi er evolusjonært utmeislet for de små fellesskap, utfordringen er å innse at disse ikke kan være seg selv nok, men at vi også har forpliktelser overfor det store vi.»

Som Hessen seier, gir ikkje Diamond nokon klare svar på kva vi kan gjere, og det gjer ikkje Hessen sjølv heller. Men her har vi noko å tygge på, iallfall. Det neste sitatet er frå Gunn Hild Lem, som skriv nettopp om forpliktelsane ovanfor det store vi, utan at ho brukar akkurat det uttrykket. Ho byrjar med å seie: «Gi meg de brennende hjerter, så kan vi ta en prat om sindighet», og avsluttar slik:

«Jeg ønsker meg en solidaritetsbevegelse som tør å innrømme hvilke prosjekter som feiler, en miljøbevegelse som tør å være ærlige om hvilke miljøtiltak som har effekt og hvilke som nærmest er for syns skyld, en humanisme som tar alvorlig at religiøs tro er et helt sentralt element i mange menneskers tilværelse, og religiøse som ønsker å forsvare andres rett til å leve sitt liv i tråd med egne overbevisninger – uten at noen av dem mister troen på at verden kan og bør bli bedre enn den er i dag.»

Standard
tips og ting

Skal, skal ikkje

Albert Joseph Moore, Silver

Albert Joseph Moore, Silver

Eg sit inne med godt over middels mykje kunnskap om såkalla «naturleg kosmetikk», men har vore usikker på kor mykje eg vil skrive om dette, av fleire grunnar:

1. Eg kan godt under middels om kosmetikk sånn i utgangspunktet. Før eg byrja å sette meg inn i naturleg kosmetikk, brukte eg hudkrem to-tre gongar i veka og eg hadde den samme mascaraen i to år.

2. Det å gå over til meir naturleg kosmetikk er ikkje akkurat det viktigaste ein kan gjere for miljøet. Mange av produkta bestiller eg frå utlandet, og det er ikkje heilt bra, med tanke på flyfrakt og innpakning.

3.Ein anna grunn til at eg vurderte å ikkje ta det med, er at eg ikkje ønskar at denne bloggen skal oppfattast utelukkande som ein «jenteblogg». Såvidt eg kan sjå er det til dels kjønnsapharteid i bloggosfæren, noko eg synes er litt synd. Uansett; alle produkta eg anbefaler kan også brukast av gutar: alt etter kva ein ser som nødvendig.

4. Apropos nødvendig, så kan det sjølvsagt hevdast at kosmetikk av alle slag stort sett er unødvendig. Mi meining om dette, er at kvar og ein godt kan tenke litt gjennom sin bruk av kosmetikk. Kva er det me verkeleg sett pris på å bruke av produkt, og kva produkt er det eigentleg som funkar? Eg må ærleg innrømme at etter at eg byrja å bruke naturleg kosmetikk, byrja eg óg å bruke meir kosmetikk enn eg gjorde før. Når eg først vart dradd inn i kosmetikkverda, syntes eg brått eg fekk bruk for ei mengde ting eg aldri hadde brukt før. Eg har også bygd opp eit aldri så lite lager av produkt eg ikkje likte eller rett og slett ikkje har fått bruk for likevel.

Men – eg har komme fram til at eg vil skrive om dette. Det har tross alt noko for seg, både for eins eigen del og for miljøet å unngå produkt som inneheld miljøgifter.

Men – det er ikkje slik at alle såkalla «naturlege produkt» nødvendigvis er gode og ufarlege. Eg har vore opptatt av å finne dei enklaste og beste produkta der ute, og har funne fram til nokon produkt som eg synes er gode og som eg gjerne anbefaler andre, som denne såpa.

Eg har også laga meg visse forestillingar om korleis ein kan klare seg med færre produkt. Eg vil gjerne gi nokre tips om korleis du kan bruke dei same produkta på ulike måtar. Dette er basert på mine eigne erfaringar, eg er på ingen måte nokon ekspert i hudpleie. Fortsettelse følger!

Standard
tips og ting

Julekjolen

Får du også lyst på ein ny kjole kvar einaste jul? redlace_grande

Det gjer eg. Men som alltid før ein kjøper nye klede, synes eg det er ein god idé å tenke over kva ein faktisk har. Sjå gjennom skapet: kanskje du har ein kjole som du hadde glømt? Det har iallfall eg funne ut fleire gongar. Nokre kjolar kan også «bli nye» om du kjøper eit belte eller har eit nytt smykke til. Strømpebukser, sko og hårfrisyrer er også kjekke å variere med om du vil gjere ein gammal kjole ny. Og kva med å bruke bunad? Det gjorde eg sist jul – bunaden min vert skammeleg lite brukt og det var kjekt å ta den fram att. Om du ikkje har noko på lur sjølv, kan du også sjekke om det fins noko du kan få eller låne av andre. Kanskje det finst uoppdaga vintage-skattar på loftet heime?

Bruktklede er eit godt alternativ. Eg har dog inntrykk av at det er mange om beinet når det kjem til fine bruktkjolar. Men ein kan være heldig. For to år sidan såg eg ein utruleg fin kjole i brokade i svart og gull i utstillingsvinduet på Uff. Det var etter stengetid, og eg visste ikkje om den passa, men eg måtte prøve. Eg kom så tidleg eg kunne neste dag, og den passa akkurat! Slikt skjer meg ikkje ofte: det er fort gjort å gjere bomkjøp på bruktklede. Eg har kjøpt fleire kjolar som eg har lagt bort i påvente av passande utkledningsfestar. Og eg har fleire gongar vore på nippet til å kjøpe kjolar som er for tronge. Sjekk alltid om det er mulig å sy ut. Om det ikkje er ekstra stoff å ta av, må ein berre gi seg og la kjolen bli til glede for nokon som er ein størrelse mindre.

Om fine, brukte kjolar er uråd å finne og du bor i Oslo, kan du ta ein tur på Monsoon i Bogstadveien. Det er ei britisk kjede med mykje kjolar som nyleg har komme til Norge. Eg har ikkje vore der enda, men veit at Monsoon kjem forhaldsvis bra ut av det når det kjem til etikk. Det samme gjer Zara.

Om ikkje nokon av desse grønne råda fører fram, så har du i alle fall prøvd. Men om du er opptatt av klede og etikk, kan du engasjere deg gjennom å skrive under på opprop som dette. Du kan også lese Framtiden i våre hender(FIVH) sin guide til meir etiske klede her. FIVH oppfordrar ikkje til boikott, men heller til engasjement for at kleskjedene skal skjerpe seg.

Og husk på det same for nyttårsaftan. Det kan jo hende det går an å bruke den same kjolen til nyttår óg?

Standard
tankar og tenkarar, tips og ting

Bestefar si pelshue

Det er hutrande kaldt ute, men eg held varmen takka være bestefar si pelshue. Mamma fann den fram frå kjellaren i sommar. Med det samme eg såg den tenkte eg at den var fin; men vil eg gå rundt i pels?

Eg ville ikkje ha kjøpt ei slik pelshue sjøl, men eg vil mykje heller gå med den, enn at den ligg kjellaren til ingen nytte. Og så minner den meg om bestefar. Han kjøpte altså pelshue, men han var óg ein mann som sto for ei type nøysomhet og omhu for tinga sine som få har idag.

Mamma syntes at hua kunne trenge ein rens; fóret lukta bestefar sitt etterbarberingsvatn. Men det synes eg er heilt greit. Eit av dei klaraste minna eg har om bestefar, er at han står og barberer seg. Han var grundig og rydda alltid så fint opp etter seg, det som var att etterpå var lukta av barberingsvatnet og ein fuktig barberkost. Eg likte å stryke fingrane over den mjuke kosten hans, han brukte alltid den same.

Bestefar kom frå ein liten gard og var den siste av ti søsken. Han vart oppattkalla etter storebror sin, som døydde før han vart eitt år. Barnedød var jo utbredt på den tida. Bestefar fikk heimestrikka raggsokkar i julegåve då han var liten, og han vart ein mester i å stoppe strømper. Han var ikkje så langt frå å bli ein av dei som aldri nådde vaksen alder sjøl – han fekk tuberkolose som tenåring og låg lenge på sanatorium. Han såg ein tomat for aller første gong som 20-åring, då syntes han ikkje det var noko godt; det svara jo slett ikkje til forventningane: han trudde det var eit veldig raudt eple.

Besteforeldra mine opplevde ein heilt enorm økonomisk vekst i løpet av si levetid. Men dei bevarte mykje av den nøysomheta dei var opplærde til. Dei kasta mindre mat, og tok godt vare på tinga dei hadde. Dei kjøpte kvalitetsprodukt som var laga for å vare lenge. Sparte pengar til oss etterkommarane. På grunn av bestefar min og bestemor mi, har eg mykje fridom idag, eg har ledig tid til å finne ut av korleis eg vil leve.

Eg vil prøve å ta godt vare på hua til bestefar.

Standard
tankar og tenkarar, tips og ting

Prosjekt advent: julefaste

Fruktbarhetsgudinna Proserpina, måla av Dante Gabriel Rossetti

Det fins ein lang tradisjon for å faste i adventstida. I den austlege kirka byrjar julefastenallreie den 15. november. I Sverige markerte Luciafesten byrjinga på førjulsfasta. Men dei fleste fastar vel ikkje noko særleg før jul no om dagen; heller tvert om. Me har julebord og kveldar med gløgg og pepparkaker og ribbe og sjokolade er på billigsalg i butikkane.

Sjølv elskar eg desember, og liker å ha sammenkomstar med god mat og drikke i denne tida. Men i år tenkte eg også at eg skulle begrense meg litt. Ikkje det at eg skal gå og sulte meg – det blir eg berre sur av. Men eg tenkte at eg til kvardags skulle prøve å ete både meir miljøvennleg og billigare enn eg gjer til vanleg. Eg har så smått begynt, og tenkte at eg vil bli litt strengare etterkvart. Kort sagt vil eg kutte ned på kjøt, egg og meieriprodukt og ete meir grønnsaker. Søtsaker, øl og vin skal også sparast på. Då blir det ekstra kjekt når ein samlar seg til førjulskos, eg sparar litt pengar og julematen blir meir å glede seg til!

Standard