inspirasjon, tankar

Korleis står det til med borgarmuskelen din?

I The Story of Change oppfordrar Annie Leonard oss til å øve opp samfunnsmuskelen vår.

Min ser ikkje så veldig stor ut. Eg er ein slik type som synes det er vanskeleg å lande på kva eg egentlig meiner, og eg er ikkje medlem av ein haug med organisasjonar eller noko politisk parti.

Men – eg synes ikkje at ein må være det heller, om det ikkje kjennes riktig. Samstundes synes eg at når du meiner noko, eller iallefall støttar noko mykje meir enn noko anna, så kan det være ein god idé å sjå om det er nokon organisasjon, gruppe eller politisk parti som du kan bli medlem i, støtte med nokon beløp, og kanskje også arbeide for på andre måtar. (Forslag til kven du kan støtte kjem seinare!)

Eg likar tilnærminga på på story of stuff, der ein har skissa opp ulike changemakertypar. (Quizen synes eg ikkje var så bra derimot, for mange er vel ei blanding av desse typane.) Det som desse typane illustrerer, er at alle kan ikkje gjere alt. Eg trur at me som borgarar ofte blir overvelda av all informasjon me får, og alt me burde ha gjort. Da gjeld det å finne ut kva ein synes ein kan bidra med, og kva saker ein synes er ekstra viktige.

Og som Annie Leonard seier – sjøl om det å legge om forbruket antageligvis ikkje er nok aleine, er det ein fin plass å starte. Det seier eg meg enig i. For meg har det med å sjå på forbruket mitt, også gjort at eg har tenkt meir på min plass i samfunnet, og korleis ting heng saman. Det gir også ei kjensle av å være på veg, av å vinne littegrann fram, og av samanheng mellom det eg meiner og måten eg lever på. Det er ikkje ei sak eg taper – som når eit politisk parti ikkje klarer å komme inn på stortinget.

Standard
ting

Dr. Bronners magiske såpe

Her kjem mi første produktanbefaling. Denne såpa er faktisk litt magisk, for den er usedvanleg anvendelig og veldig dryg i bruk. Eg brukar den til all slags kroppsvask og også som barberskum på leggane. Har dessutan tatt litt såpe rett på huda når eg ikkje har hatt deodorant, og vaska på badet med den. Eg har hørt at ein til og med kan bruke den som tannkrem, men akkurat det høres ikkje så fristande ut, synes eg.

Mannen bak såpa heiter Emanuel Bronner, og det er han som har bestemt at såpeetiketten skal være fylt av utdrag frå hans moralske ABC og sitat frå eit vidt spekter av andre tekster. På 40-talet reiste Bronner rundt for å promotere sin moralske ABC: hans plan for verdsfred. I 1947 vart han arrestert etter å ha tala offentleg utan tillatelse på universitetet i Chicago. Han vart innlagt på sinnssjukehus og fekk sjokkbehandling. Han rømte derifrå, og starta seinare med å selje såpe (noko han hadde lært å lage av sin tysk-jødiske familie) så han kunne spre sitt glade budskap på etikettane. Les meir om såpa si historie her.

Idag er det etterkommarane av Emanuel Bronner som driv foretaket. Og sjøl om dei viderefører Bronners etikettar, virker det ikkje som dei har nokon spesifikk religiøs eller politisk agenda. Eg har inntrykk av at dei først og fremst vil lage god, rettferdig og miljøvennleg såpe.

Eg svergar foresten til den flytande varianten med roselukt. Den luktar mildt av rose og sitrusfrukt. Alle såpene frå Dr. Bronner  er dessuten merka både Fair Trade og Økologisk, og er laga av enkle og snille ingrediansar. Du kan kjøpe dei hos Friends Fair Trade.

Standard
bøker, tips og ting, trening og uteliv

Retrotrening: Yoga med Raquel, eller East Meets Welch

Då eg først såg denne boka, var eg skeptisk. Eg trudde verkeleg ikkje at det fordums sex-symbolet Raquel Welch skulle bli min treningsguru.

Men slik vart det altså. Welch viser steg for steg ein serie som tek ein drøy halvtime om ein gjer alle øvelsane ein gong. Det er ein slags yoga med mykje bevegelse(skal være inspirert av Hatha Yoga), som ein blir både sterk og mjuk av. Og så er Wesch fantastisk god på å forklare! Ho skriv enkelt, underhaldande og morsomt. Ho er obs på alle dei tinga som ein kan slite med, og det ein ofte gjer feil. Alle øvelsane er godt illustrert med bilde på bilde av Raquel i kvit turndrakt med skjæring godt over hoftene som viser veg skrittvis.

Det tok si tid før eg lærte alt, og eg gjer det ikkje så ofte. Men det er sant som Raquel seier: når du først har lært deg heile serien, så huskar du den. Det er ofte eg gjer bere halve, eller berre plukkar ut nokon tøyningsøvelsar. Serien heng ikkje saman på ein slik måte at ein må gjere alt på ein gong.

Det skal forresten seiast at nokon av øvelsane er ganske vanskelege. Ein del krever også at ein er forhaldsvis mjuk. Men som Raquel seier: Berre stå på, vær fokusert og gjer så godt du kan! Eg syntes det var kjekt at det var litt utfordrande; det er ei god kjensle når ein får til vanskelege stillingar, og det er artig å kjenne at ein blir mjukare og får bedre balanse og kontroll.

Er dette miljøvennleg trening?

Etter mi erfaring treng ein egentleg ingenting for å trene yoga. Eg synes boka gir meg det eg treng av informasjon, og av utstyrsmessig krevast kun eit teppe for dei liggande øvelse. Eg tenkte på å kjøpe yogamatte, men fann ut at eit bretta ulteppe gjer nytten. Turndrakt med høg skjæring eller andre yogaklede er strengt tatt heller ikkje nødvendig.

Raquel meiner dessuten at yoga fører til at du blir meir fredeleg i sinnet, og at samla sett kan ikkje-valdeleg trening som yoga skape ei fredelegare verd. Mulig det stemmer? Ho oppfordrar også til eit meir vegetarisk kosthald.(dog stiller eg meg spørjande til ein del av kosholdsråda hennar.)

Boka kan kjøpast brukt på Amazon.

Standard
film og fakta

Hans Rosling om verdas tilstand

Det er greit å ha oppdaterte faktakunnskapar om verda, og det er fint å få dei frå Hans Rosling, synes eg. Eg såg nettopp Rosling på noko som heiter NRK kunnskapskanalen. Dei skal tydelegvis sende ein heil foredragsserie som er knytta det det å være globa borgar. Håper det kjem fleire gode foredrag!

Om de ikkje har tid til å sjå foredraget med det samme, vil eg berre minna om nokon av hovedlærdommanne frå foredraget: Levestandaden har gått opp i mange land, men samla sett øker gapet mellom rike og fattige i verda. Rosling refererer til ny forskning som tyder på at klimaforandringane kan bli meir omfattande enn først frykta. Ein er ikkje sikker på kor alvorlege klimaforandringane kjem til å bli, men det er all grunn til å være føre var. Rosling meiner at me som er rikast bør ta ansvar og sette ned forbruket. Me bør slutte å mase om at befolkningsveksten må ned: tala pekar mot at befolkningstalet i verda snart vil flate ut. Og det er ikkje dei fattigaste som «et opp ressursane», men dei rikaste.

Om de vil sjå meir av Rosling, er han også å finne på TED.

Standard
tankar

Kva meiner eg med ordet «grøn»?

Alle veit jo at grøn er ei farge, men her i bloggen vil eg bruke ordet i ei mykje meir overført, og ganske vid betydning:

  1. Grønt som  miljøvennleg.
  2. Men òg grønt meir som ein måte å tenke på – ikkje berre om kva som er bra for miljøet, men all slags samfunnstenkning der miljø og ressursbruk i det heile tas seriøst med i biletet. Det vil fort bli tydeleg at mange av dei eg kallar grøne tenkarar i tillegg til å bry seg om miljøet og naturen, også er opptegne av spørsmål om rettferdig fordeling og av kva samfunnsform og livsstil som kan gjere menneska mest muleg glade.

Inspirert av slike tenkarar, handlar det grøne for meg alt i alt om tankar og handlingar som har som mål å oppnå ei grønare verd. Og med ei grøn verd tenker eg meg ei verd der ein brukar    naturressursane med langt større omhu enn det ein gjer i dag. Eg tenker meg også ei verd med ei meir rettferdig fordeling av goder. Ei verd med meir ansvar og omtanke; for naturen og for andre skapningar, både mennske og dyr.

Detter høres vel flott ut, gjer det ikkje? Men det er ikkje så enkelt å vite kva ein skal gjere om ein vil arbeide for ei grønare verd. Det vil eg prøve å utforske på denne bloggen.

Standard