inspirasjon, tankar

Korleis står det til med borgarmuskelen din?

I The Story of Change oppfordrar Annie Leonard oss til å øve opp samfunnsmuskelen vår.

Min ser ikkje så veldig stor ut. Eg er ein slik type som synes det er vanskeleg å lande på kva eg egentlig meiner, og eg er ikkje medlem av ein haug med organisasjonar eller noko politisk parti.

Men – eg synes ikkje at ein må være det heller, om det ikkje kjennes riktig. Samstundes synes eg at når du meiner noko, eller iallefall støttar noko mykje meir enn noko anna, så kan det være ein god idé å sjå om det er nokon organisasjon, gruppe eller politisk parti som du kan bli medlem i, støtte med nokon beløp, og kanskje også arbeide for på andre måtar. (Forslag til kven du kan støtte kjem seinare!)

Eg likar tilnærminga på på story of stuff, der ein har skissa opp ulike changemakertypar. (Quizen synes eg ikkje var så bra derimot, for mange er vel ei blanding av desse typane.) Det som desse typane illustrerer, er at alle kan ikkje gjere alt. Eg trur at me som borgarar ofte blir overvelda av all informasjon me får, og alt me burde ha gjort. Da gjeld det å finne ut kva ein synes ein kan bidra med, og kva saker ein synes er ekstra viktige.

Og som Annie Leonard seier – sjøl om det å legge om forbruket antageligvis ikkje er nok aleine, er det ein fin plass å starte. Det seier eg meg enig i. For meg har det med å sjå på forbruket mitt, også gjort at eg har tenkt meir på min plass i samfunnet, og korleis ting heng saman. Det gir også ei kjensle av å være på veg, av å vinne littegrann fram, og av samanheng mellom det eg meiner og måten eg lever på. Det er ikkje ei sak eg taper – som når eit politisk parti ikkje klarer å komme inn på stortinget.

Standard

2 thoughts on “Korleis står det til med borgarmuskelen din?

  1. «Networker» og «Communicator» passe nok meg best, selv om i aldri har blitt kalla ein «sosial sommerfugl»…

    Forresten, e det noko mulighet for posta på engelsk? Kunne ikkje skada å klistre på environment taggen av og til ihvertfall 😉

    • Eger nok mest «Communicator» og litt «investigator» og «Nurturer», trur eg:) Trur nok ikkje det blir på engelsk med det første, me får sjå!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s