Eg skriv på master og fann ut at eg for ei stund skal prøve å gjere kun akkurat det – arbeide med masteren. Men når sola skin og trea gnistrar av fargar, må ein berre komme seg ut littegrann, om ein kan.
Eg har alltid vore glad i tre, dei gir meg ei eiga ro. Då eg var lita, tegna eg ofte tre. Mange av tegningane vart ikkje ferdige, eg var så altfor nøyaktig, ville ha med alle dei små detaljane; dei kronglete kvistane, og alle blada. Då er det kjekt å ha digitalt kamera og gå ut og ta så mange bilde ein berre vil.
Bør eksperimentere ma denna:
http://en.blog.wordpress.com/2012/10/04/tiled-image-galleries/
Lykke til videre ma masteren!
Takk! Og takk for tipset! Skal prøve den gallerisida sidan. Kva var det foresten eg skulle gjere om eg ville søke etter bilde som det ikkje er copyright på?
Ja, angående det søket. Gå hit:
https://www.google.no/advanced_search
Scroll ned. Der står det «usage rights» elns som «brukerrettigheter». Så lenge du ikkje tjene peng på bloggen din så kan du bruke material som er «free to use or share», som vil bredest mulig søk. Desto større frihet for bruk, desto mindre utvalg.