tankar og tenkarar, tips og ting

Prosjekt advent: julefaste

Fruktbarhetsgudinna Proserpina, måla av Dante Gabriel Rossetti

Det fins ein lang tradisjon for å faste i adventstida. I den austlege kirka byrjar julefastenallreie den 15. november. I Sverige markerte Luciafesten byrjinga på førjulsfasta. Men dei fleste fastar vel ikkje noko særleg før jul no om dagen; heller tvert om. Me har julebord og kveldar med gløgg og pepparkaker og ribbe og sjokolade er på billigsalg i butikkane.

Sjølv elskar eg desember, og liker å ha sammenkomstar med god mat og drikke i denne tida. Men i år tenkte eg også at eg skulle begrense meg litt. Ikkje det at eg skal gå og sulte meg – det blir eg berre sur av. Men eg tenkte at eg til kvardags skulle prøve å ete både meir miljøvennleg og billigare enn eg gjer til vanleg. Eg har så smått begynt, og tenkte at eg vil bli litt strengare etterkvart. Kort sagt vil eg kutte ned på kjøt, egg og meieriprodukt og ete meir grønnsaker. Søtsaker, øl og vin skal også sparast på. Då blir det ekstra kjekt når ein samlar seg til førjulskos, eg sparar litt pengar og julematen blir meir å glede seg til!

Standard
film og fakta

Home

Denne filmen om jordas tildstand er laga av Yann-Arthus Bertrand, mannen bak boka og filmen Earth From Above. Mykje av informasjonen her kjente eg til frå før, men det gjer inntrykk å få det presentert på nytt gjennom det fantastiske filmmaterialet. Eg fikk ikkje til å legge inn vieoen her, men hvis du klikkar her vert du sendt vidare til Youtube, der du kan sjå heile filmen i god kvalitet.

Standard
Uncategorized

Fransk løksuppe

Det du treng er:

4-10 løk (ca 1 løk per porsjon)

2-6 fedd kvitløk           

kraft, eventuelt buljong

timian, gjerne fersk

1-3 laurbærblad

peppar

lyst brød, gjerne tørt

ost

smør og olivenolje til steiking

Løksuppe er kraftmat, og blir best om du har mykje god kraft. Eg brukte kraft etter svineribbe denne gongen, men all slags kraft kan brukast. Løkbuljong frå Kallo, som du kan kjøpe på Helios, gir god hjelp om suppa blir for svak med den krafta du har. Som de ser, har eg ikkje oppgitt nokon detaljerte mengder her – kor mykje du treng av ingrediensar, og kor mykje det blir, kjem an på kor mykje og kor kraftig kraft du har.

Løksuppe er ein fin måte å få brukt tørt brød og osterestar på. Ein skal aller helst bruke osten gruyère, men det går fint med annan ost, eg har brukt Jarlsberg.

Slik gjer du:

Kok opp kraft saman med laubærblad og timian. Skjær løk i skiver og grovhakk kvitløk. Ha smør i middels varm steikepanne og la det bli litt brunt. Ha i løken. Spe på med olivenolje om det blir tørt. Løken skal bli mjuk og litt brun. Ha i kvitløk mot slutten av steiketida. Når løken er klar, ha den i krafta. Ta litt vatn i steikepanna og la det koke litt slik at du får med all den gode løksmaken. Steik ein omgang til med løk på samme måte om det trengs. Smak til suppa; treng den meir vatn, buljong, løk, timian, salt, peppar? Ha i litt mjøljamning om du vil ha den tjukkare. La suppa koke ein halvtimes tid.

Hell suppe i små ildfaste former. Rist ei skive brød per porsjon, og legg skiva på suppa. Ha over rikelig med ost, og sett formene i ovnen på 200 grader. La det steike til osten er passe gylden.

Løksuppe passar ypperleg til oppattvarming, så eg prøver alltid å lage mest muleg når eg set igang. Ha på skive og ost og ha det i ovnen. Nam! (Og foresten, suppa er mykje betre enn den ser ut på biletet – eg har ikkje fått dreisen på matfotografering enda..)

Standard