Uncategorized

Fransk løksuppe

Det du treng er:

4-10 løk (ca 1 løk per porsjon)

2-6 fedd kvitløk           

kraft, eventuelt buljong

timian, gjerne fersk

1-3 laurbærblad

peppar

lyst brød, gjerne tørt

ost

smør og olivenolje til steiking

Løksuppe er kraftmat, og blir best om du har mykje god kraft. Eg brukte kraft etter svineribbe denne gongen, men all slags kraft kan brukast. Løkbuljong frå Kallo, som du kan kjøpe på Helios, gir god hjelp om suppa blir for svak med den krafta du har. Som de ser, har eg ikkje oppgitt nokon detaljerte mengder her – kor mykje du treng av ingrediensar, og kor mykje det blir, kjem an på kor mykje og kor kraftig kraft du har.

Løksuppe er ein fin måte å få brukt tørt brød og osterestar på. Ein skal aller helst bruke osten gruyère, men det går fint med annan ost, eg har brukt Jarlsberg.

Slik gjer du:

Kok opp kraft saman med laubærblad og timian. Skjær løk i skiver og grovhakk kvitløk. Ha smør i middels varm steikepanne og la det bli litt brunt. Ha i løken. Spe på med olivenolje om det blir tørt. Løken skal bli mjuk og litt brun. Ha i kvitløk mot slutten av steiketida. Når løken er klar, ha den i krafta. Ta litt vatn i steikepanna og la det koke litt slik at du får med all den gode løksmaken. Steik ein omgang til med løk på samme måte om det trengs. Smak til suppa; treng den meir vatn, buljong, løk, timian, salt, peppar? Ha i litt mjøljamning om du vil ha den tjukkare. La suppa koke ein halvtimes tid.

Hell suppe i små ildfaste former. Rist ei skive brød per porsjon, og legg skiva på suppa. Ha over rikelig med ost, og sett formene i ovnen på 200 grader. La det steike til osten er passe gylden.

Løksuppe passar ypperleg til oppattvarming, så eg prøver alltid å lage mest muleg når eg set igang. Ha på skive og ost og ha det i ovnen. Nam! (Og foresten, suppa er mykje betre enn den ser ut på biletet – eg har ikkje fått dreisen på matfotografering enda..)

Standard

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s