tips og ting

Julekjolen

Får du også lyst på ein ny kjole kvar einaste jul? redlace_grande

Det gjer eg. Men som alltid før ein kjøper nye klede, synes eg det er ein god idé å tenke over kva ein faktisk har. Sjå gjennom skapet: kanskje du har ein kjole som du hadde glømt? Det har iallfall eg funne ut fleire gongar. Nokre kjolar kan også «bli nye» om du kjøper eit belte eller har eit nytt smykke til. Strømpebukser, sko og hårfrisyrer er også kjekke å variere med om du vil gjere ein gammal kjole ny. Og kva med å bruke bunad? Det gjorde eg sist jul – bunaden min vert skammeleg lite brukt og det var kjekt å ta den fram att. Om du ikkje har noko på lur sjølv, kan du også sjekke om det fins noko du kan få eller låne av andre. Kanskje det finst uoppdaga vintage-skattar på loftet heime?

Bruktklede er eit godt alternativ. Eg har dog inntrykk av at det er mange om beinet når det kjem til fine bruktkjolar. Men ein kan være heldig. For to år sidan såg eg ein utruleg fin kjole i brokade i svart og gull i utstillingsvinduet på Uff. Det var etter stengetid, og eg visste ikkje om den passa, men eg måtte prøve. Eg kom så tidleg eg kunne neste dag, og den passa akkurat! Slikt skjer meg ikkje ofte: det er fort gjort å gjere bomkjøp på bruktklede. Eg har kjøpt fleire kjolar som eg har lagt bort i påvente av passande utkledningsfestar. Og eg har fleire gongar vore på nippet til å kjøpe kjolar som er for tronge. Sjekk alltid om det er mulig å sy ut. Om det ikkje er ekstra stoff å ta av, må ein berre gi seg og la kjolen bli til glede for nokon som er ein størrelse mindre.

Om fine, brukte kjolar er uråd å finne og du bor i Oslo, kan du ta ein tur på Monsoon i Bogstadveien. Det er ei britisk kjede med mykje kjolar som nyleg har komme til Norge. Eg har ikkje vore der enda, men veit at Monsoon kjem forhaldsvis bra ut av det når det kjem til etikk. Det samme gjer Zara.

Om ikkje nokon av desse grønne råda fører fram, så har du i alle fall prøvd. Men om du er opptatt av klede og etikk, kan du engasjere deg gjennom å skrive under på opprop som dette. Du kan også lese Framtiden i våre hender(FIVH) sin guide til meir etiske klede her. FIVH oppfordrar ikkje til boikott, men heller til engasjement for at kleskjedene skal skjerpe seg.

Og husk på det same for nyttårsaftan. Det kan jo hende det går an å bruke den same kjolen til nyttår óg?

Standard
tankar og tenkarar, tips og ting

Bestefar si pelshue

Det er hutrande kaldt ute, men eg held varmen takka være bestefar si pelshue. Mamma fann den fram frå kjellaren i sommar. Med det samme eg såg den tenkte eg at den var fin; men vil eg gå rundt i pels?

Eg ville ikkje ha kjøpt ei slik pelshue sjøl, men eg vil mykje heller gå med den, enn at den ligg kjellaren til ingen nytte. Og så minner den meg om bestefar. Han kjøpte altså pelshue, men han var óg ein mann som sto for ei type nøysomhet og omhu for tinga sine som få har idag.

Mamma syntes at hua kunne trenge ein rens; fóret lukta bestefar sitt etterbarberingsvatn. Men det synes eg er heilt greit. Eit av dei klaraste minna eg har om bestefar, er at han står og barberer seg. Han var grundig og rydda alltid så fint opp etter seg, det som var att etterpå var lukta av barberingsvatnet og ein fuktig barberkost. Eg likte å stryke fingrane over den mjuke kosten hans, han brukte alltid den same.

Bestefar kom frå ein liten gard og var den siste av ti søsken. Han vart oppattkalla etter storebror sin, som døydde før han vart eitt år. Barnedød var jo utbredt på den tida. Bestefar fikk heimestrikka raggsokkar i julegåve då han var liten, og han vart ein mester i å stoppe strømper. Han var ikkje så langt frå å bli ein av dei som aldri nådde vaksen alder sjøl – han fekk tuberkolose som tenåring og låg lenge på sanatorium. Han såg ein tomat for aller første gong som 20-åring, då syntes han ikkje det var noko godt; det svara jo slett ikkje til forventningane: han trudde det var eit veldig raudt eple.

Besteforeldra mine opplevde ein heilt enorm økonomisk vekst i løpet av si levetid. Men dei bevarte mykje av den nøysomheta dei var opplærde til. Dei kasta mindre mat, og tok godt vare på tinga dei hadde. Dei kjøpte kvalitetsprodukt som var laga for å vare lenge. Sparte pengar til oss etterkommarane. På grunn av bestefar min og bestemor mi, har eg mykje fridom idag, eg har ledig tid til å finne ut av korleis eg vil leve.

Eg vil prøve å ta godt vare på hua til bestefar.

Standard