Grøntfòr

Røktsild med kålrotstappe

Igår lagde eg for første gong ein middagsklassikar frå oppveksten som eg har lengta etter lenge. Plutseleg var det eg leita etter å finne i kjøledisken på rema, av alle stader, – røktsild! Eller bøkling/varmrøkt sild, som det sto på pakka, med ein hyggeleg pris på litt over hundre kroner kiloen. I grønnsaksdisken fantes fin og rimeleg kålrot, og da var hovedingrediansane på plass. Sild er ein fisk som går for å være sunn og bærekraftig, og kålrota er norsk sesonggrønnsak som er på sitt finaste på denne tida.

Her er oppskrifta til fire personar:

2 middles store kålrøter

30-50 g. smør

ca 1,5 dl mjølk, ev. litt fløte

salt og peppar

8 – 12 røktsild

Slik gjer du:

1. Skjær av skalet på kålrøtene og kutt dei opp i jamne skiver. Du kan gjerne ta med litt gulrot og /eller potet. Kok opp vatn og kok kålrota til den er ganske mjuk.(Eg koker strengt tatt ikkje grønnsaker, eg liker helst å dampe dei på rist.)

2. Medan kålrota står på, koker du opp ca 1,5 l vatn i ein kjele som er passe storleik til å ha silda i. Når du er klar til å lage stappe, kan du ha silda i vatnet. Den skal trekke, ikkje koke i 5-10 minutt.

3. Når kålrota er mjuk, heller du av vatnet. Ha oppi smør og litt mjølk og sett i gang å stappe. Tiset salt, litt peppar og spe på med mjølk, eventuelt fløte og smør til stappa er passe tjukk og smakfull. Eg brukar også å ha oppi litt kraft fra silda.

Da var det heile klart! Legg kålrotstappe og sild på fatet og nyt synet! Som bøkling er silda gått frå å være havets sølv til å bli middagsfatets gull og bronse. Ha eventuelt litt smør på stappa og hell fiskekraft over. Eg et forresten heile silda med skinn og bein. Då treng vi ikkje kaste noko, og me får i oss mykje gode næringsstoff. Då eg var lita, brukte me foresten å ha kokt potet attåt i tillegg til kålrotstappe.

Eg vil tru ein kan få tak i røktsild på fiskebutikken òg, men sist eg spurte, sa dei at dei ikkje hadde fordi silda var for laus. Ein får berre være på utkikk!

Oppdatering: Det er ein del arbeid å lage stappe for hand. Om du har stavmiksar, så er det til stor hjelp! Men ikkje overdriv: det er godt at det er litt småbitar her og der, synes eg. Og ikkje ha for mykje væske i stappa. Du treng mindre væske i kålrotstappe enn potetstappe. Det kan være lurt å starte med berre smør og ta littegrann mjølk når du ser korleis konsistensen blir. Og ein ting til: det veldig godt å ha rødbeter til denne retten.

Standard