mat og drikke

Lettsalta torsk

Her kjem oppskrifta på enda eit klassisk fiskemåltid slik eg har blitt servert det i oppveksten. Eg har inntrykk av at mange ikkje veit korleis dei skal tilberede fisk. Det fins nok meir fancy måtar å tilberede lettsalta torsk på enn eg har gjort her, men salttorsk er så godt i seg sjøl, at ein gjerne kan gjere det kjapt og enkelt og få eit fortreffande måltid ut av det!

Dette treng du:
Lettsalta torsk, 200-300 gram eller meir per person
2-3 gulrøtter per person
purre
smør

Potetstappe:
Potet, ein meir per person enn til vanleg
smør
salt
mjølk

Slik gjer du:

For å spare tid, brukar eg å skjære poteten i små terningar og koke den på rist. (Hvis ein kokar småbitar med potet uten rist, kan dei gå i oppløysning i vatnet)  Mens poteten kokar, kan skjære gulrøtene i to til fire bitar og la dei koke i ein liten kjele med vatn. Så skjær eg purren varmar opp rikeleg med smør i ein kjele og puttar purren i og let den stå og putre i smøret.

Deretter skjær eg og fisken i passlege serveringsstykke. Når fisken skal tilberedast, har du to valg. Enten kan du varme opp vatn i ein passe stor kjele og la fisken trekke forsiktig (absolutt ikkje boblokoke!) i 6-8 minutt i vatnet. Eit anna alternativ, som eg har begynt med, er å trekke fisken på rist. Dette passar best om ein har ei stor rist som er høgt over vatnet. Då skal fisken stå på middels varme i 7-10 minutt. Fordelen med denne metoden, er at det er lettare å unngå at fisken dett frå kvarandre. Eg brukte den samme rista som for potetane, og trekte fisken medan eg laga potetstappe.

Når poteten er så mjuk at den sprekk opp når du stikk i den, er den klar for stapping, og du kan helle av vatnet. Sett igang fisken og la den trekke. Ha smør og littegrann mjølk i potetane. Om du har stavmiksar, kan du bruke det, men vær forsiktig! Eg synes potetstappa blir for «glatt» om du står for lenge med stavmiksaren. Berre trykk den lett ned, og så kan du heller bruke ein stappar eller berre røre etterpå. Ha oppi salt og meir mjølk og smør til du synes stappa har passe smak og konsistens.

Og ikkje gløm gulrøtene! Stikk i dei med ein kniv for å kjenne om dei er blitt passe mjuke. Når ein lagar enkel mat, blir utfordringa å koke/trekke alt passe mykje. Torsken er helst ferdig etter den nevnte tida, du kan ta ut eit stykke og skjære i midten om du er usikker. Ha helst torsken vekk frå vatnet og over i ei form eller på tallerkenen når den er ferdig.

Og ikkje gløm purresmøret! Det er ferdig når purren byrjar å bli mjuk. Da er det berre å forsyne seg med rikeleg av alt og så kan du nyte eit lettlaga, men herlig balansert måltid.

Standard
mat og drikke

Frukostblanding med kanel og kardemomme

3 dl hakka nøtter

1,5 dl solsikkefrø

1,5 dl graskakjernar

0,75 dl linfrø

6 dl havregryn

1/2 ts kanel

1/3 ts kardemomme

3 ss honning

Hakk nøttene (eg brukte ei blanding av hasselnøtter og mandlar), og ha dei i ei langpanne med høg kant. Skru ovnen på 200 grader. Mål opp og ha i resten av ingrediensane. Bruk gjerne morter og knus til krydderet sjøl, det gir ekstra frisk smak. Eg brukte frøa frå 3 kardemommebelgar og omtrent 1/2 cm kanelstang. Honningen la eg på toppen i 3 klumpar, som på bildet.

Ha blandinga i ovnen, og lat den stå i 5 minutt. Så tar du den ut og rører godt, slik at honningen blir fordelt over det heile. Set inn att blandinga, la den stå i 5 minutt til før du rører litt i den. Så kan du skru av ovnen og la den stå i 4-5 minutt før du tar den ut. Då er den godt rista.

Ein kan sjølsagt variere mykje her, med ulike nøtter,frø og gryn. I denne oppskrifta er det forresten mykje nøtter og frø i forhold til gryn. Det er smak og behag kor mykje rista blandinga skal være. Men vær obs på at den er nummeret før å bli litt brent etter eit kvarter. Når blandinga byrjar å bli gyllen, går ting fort! Eg har glømt meg og svidd blandinga, det er ikkje noko særleg. Ein kan godt ha ovnen på 180 grader i staden, då har ein litt betre kontroll. På bildet øverst har eg hatt på mjølk og litt hakka sjokolade:)

 

 

Standard