inspirasjon, tankar

Korleis står det til med borgarmuskelen din?

I The Story of Change oppfordrar Annie Leonard oss til å øve opp samfunnsmuskelen vår.

Min ser ikkje så veldig stor ut. Eg er ein slik type som synes det er vanskeleg å lande på kva eg egentlig meiner, og eg er ikkje medlem av ein haug med organisasjonar eller noko politisk parti.

Men – eg synes ikkje at ein må være det heller, om det ikkje kjennes riktig. Samstundes synes eg at når du meiner noko, eller iallefall støttar noko mykje meir enn noko anna, så kan det være ein god idé å sjå om det er nokon organisasjon, gruppe eller politisk parti som du kan bli medlem i, støtte med nokon beløp, og kanskje også arbeide for på andre måtar. (Forslag til kven du kan støtte kjem seinare!)

Eg likar tilnærminga på på story of stuff, der ein har skissa opp ulike changemakertypar. (Quizen synes eg ikkje var så bra derimot, for mange er vel ei blanding av desse typane.) Det som desse typane illustrerer, er at alle kan ikkje gjere alt. Eg trur at me som borgarar ofte blir overvelda av all informasjon me får, og alt me burde ha gjort. Da gjeld det å finne ut kva ein synes ein kan bidra med, og kva saker ein synes er ekstra viktige.

Og som Annie Leonard seier – sjøl om det å legge om forbruket antageligvis ikkje er nok aleine, er det ein fin plass å starte. Det seier eg meg enig i. For meg har det med å sjå på forbruket mitt, også gjort at eg har tenkt meir på min plass i samfunnet, og korleis ting heng saman. Det gir også ei kjensle av å være på veg, av å vinne littegrann fram, og av samanheng mellom det eg meiner og måten eg lever på. Det er ikkje ei sak eg taper – som når eit politisk parti ikkje klarer å komme inn på stortinget.

Standard
tankar

Kva meiner eg med ordet «grøn»?

Alle veit jo at grøn er ei farge, men her i bloggen vil eg bruke ordet i ei mykje meir overført, og ganske vid betydning:

  1. Grønt som  miljøvennleg.
  2. Men òg grønt meir som ein måte å tenke på – ikkje berre om kva som er bra for miljøet, men all slags samfunnstenkning der miljø og ressursbruk i det heile tas seriøst med i biletet. Det vil fort bli tydeleg at mange av dei eg kallar grøne tenkarar i tillegg til å bry seg om miljøet og naturen, også er opptegne av spørsmål om rettferdig fordeling og av kva samfunnsform og livsstil som kan gjere menneska mest muleg glade.

Inspirert av slike tenkarar, handlar det grøne for meg alt i alt om tankar og handlingar som har som mål å oppnå ei grønare verd. Og med ei grøn verd tenker eg meg ei verd der ein brukar    naturressursane med langt større omhu enn det ein gjer i dag. Eg tenker meg også ei verd med ei meir rettferdig fordeling av goder. Ei verd med meir ansvar og omtanke; for naturen og for andre skapningar, både mennske og dyr.

Detter høres vel flott ut, gjer det ikkje? Men det er ikkje så enkelt å vite kva ein skal gjere om ein vil arbeide for ei grønare verd. Det vil eg prøve å utforske på denne bloggen.

Standard