ting

Dr. Bronners magiske såpe

Her kjem mi første produktanbefaling. Denne såpa er faktisk litt magisk, for den er usedvanleg anvendelig og veldig dryg i bruk. Eg brukar den til all slags kroppsvask og også som barberskum på leggane. Har dessutan tatt litt såpe rett på huda når eg ikkje har hatt deodorant, og vaska på badet med den. Eg har hørt at ein til og med kan bruke den som tannkrem, men akkurat det høres ikkje så fristande ut, synes eg.

Mannen bak såpa heiter Emanuel Bronner, og det er han som har bestemt at såpeetiketten skal være fylt av utdrag frå hans moralske ABC og sitat frå eit vidt spekter av andre tekster. På 40-talet reiste Bronner rundt for å promotere sin moralske ABC: hans plan for verdsfred. I 1947 vart han arrestert etter å ha tala offentleg utan tillatelse på universitetet i Chicago. Han vart innlagt på sinnssjukehus og fekk sjokkbehandling. Han rømte derifrå, og starta seinare med å selje såpe (noko han hadde lært å lage av sin tysk-jødiske familie) så han kunne spre sitt glade budskap på etikettane. Les meir om såpa si historie her.

Idag er det etterkommarane av Emanuel Bronner som driv foretaket. Og sjøl om dei viderefører Bronners etikettar, virker det ikkje som dei har nokon spesifikk religiøs eller politisk agenda. Eg har inntrykk av at dei først og fremst vil lage god, rettferdig og miljøvennleg såpe.

Eg svergar foresten til den flytande varianten med roselukt. Den luktar mildt av rose og sitrusfrukt. Alle såpene frå Dr. Bronner  er dessuten merka både Fair Trade og Økologisk, og er laga av enkle og snille ingrediansar. Du kan kjøpe dei hos Friends Fair Trade.

Standard