tips og ting

Skal, skal ikkje

Albert Joseph Moore, Silver

Albert Joseph Moore, Silver

Eg sit inne med godt over middels mykje kunnskap om såkalla «naturleg kosmetikk», men har vore usikker på kor mykje eg vil skrive om dette, av fleire grunnar:

1. Eg kan godt under middels om kosmetikk sånn i utgangspunktet. Før eg byrja å sette meg inn i naturleg kosmetikk, brukte eg hudkrem to-tre gongar i veka og eg hadde den samme mascaraen i to år.

2. Det å gå over til meir naturleg kosmetikk er ikkje akkurat det viktigaste ein kan gjere for miljøet. Mange av produkta bestiller eg frå utlandet, og det er ikkje heilt bra, med tanke på flyfrakt og innpakning.

3.Ein anna grunn til at eg vurderte å ikkje ta det med, er at eg ikkje ønskar at denne bloggen skal oppfattast utelukkande som ein «jenteblogg». Såvidt eg kan sjå er det til dels kjønnsapharteid i bloggosfæren, noko eg synes er litt synd. Uansett; alle produkta eg anbefaler kan også brukast av gutar: alt etter kva ein ser som nødvendig.

4. Apropos nødvendig, så kan det sjølvsagt hevdast at kosmetikk av alle slag stort sett er unødvendig. Mi meining om dette, er at kvar og ein godt kan tenke litt gjennom sin bruk av kosmetikk. Kva er det me verkeleg sett pris på å bruke av produkt, og kva produkt er det eigentleg som funkar? Eg må ærleg innrømme at etter at eg byrja å bruke naturleg kosmetikk, byrja eg óg å bruke meir kosmetikk enn eg gjorde før. Når eg først vart dradd inn i kosmetikkverda, syntes eg brått eg fekk bruk for ei mengde ting eg aldri hadde brukt før. Eg har også bygd opp eit aldri så lite lager av produkt eg ikkje likte eller rett og slett ikkje har fått bruk for likevel.

Men – eg har komme fram til at eg vil skrive om dette. Det har tross alt noko for seg, både for eins eigen del og for miljøet å unngå produkt som inneheld miljøgifter.

Men – det er ikkje slik at alle såkalla «naturlege produkt» nødvendigvis er gode og ufarlege. Eg har vore opptatt av å finne dei enklaste og beste produkta der ute, og har funne fram til nokon produkt som eg synes er gode og som eg gjerne anbefaler andre, som denne såpa.

Eg har også laga meg visse forestillingar om korleis ein kan klare seg med færre produkt. Eg vil gjerne gi nokre tips om korleis du kan bruke dei same produkta på ulike måtar. Dette er basert på mine eigne erfaringar, eg er på ingen måte nokon ekspert i hudpleie. Fortsettelse følger!

Standard
tips og ting

Julekjolen

Får du også lyst på ein ny kjole kvar einaste jul? redlace_grande

Det gjer eg. Men som alltid før ein kjøper nye klede, synes eg det er ein god idé å tenke over kva ein faktisk har. Sjå gjennom skapet: kanskje du har ein kjole som du hadde glømt? Det har iallfall eg funne ut fleire gongar. Nokre kjolar kan også «bli nye» om du kjøper eit belte eller har eit nytt smykke til. Strømpebukser, sko og hårfrisyrer er også kjekke å variere med om du vil gjere ein gammal kjole ny. Og kva med å bruke bunad? Det gjorde eg sist jul – bunaden min vert skammeleg lite brukt og det var kjekt å ta den fram att. Om du ikkje har noko på lur sjølv, kan du også sjekke om det fins noko du kan få eller låne av andre. Kanskje det finst uoppdaga vintage-skattar på loftet heime?

Bruktklede er eit godt alternativ. Eg har dog inntrykk av at det er mange om beinet når det kjem til fine bruktkjolar. Men ein kan være heldig. For to år sidan såg eg ein utruleg fin kjole i brokade i svart og gull i utstillingsvinduet på Uff. Det var etter stengetid, og eg visste ikkje om den passa, men eg måtte prøve. Eg kom så tidleg eg kunne neste dag, og den passa akkurat! Slikt skjer meg ikkje ofte: det er fort gjort å gjere bomkjøp på bruktklede. Eg har kjøpt fleire kjolar som eg har lagt bort i påvente av passande utkledningsfestar. Og eg har fleire gongar vore på nippet til å kjøpe kjolar som er for tronge. Sjekk alltid om det er mulig å sy ut. Om det ikkje er ekstra stoff å ta av, må ein berre gi seg og la kjolen bli til glede for nokon som er ein størrelse mindre.

Om fine, brukte kjolar er uråd å finne og du bor i Oslo, kan du ta ein tur på Monsoon i Bogstadveien. Det er ei britisk kjede med mykje kjolar som nyleg har komme til Norge. Eg har ikkje vore der enda, men veit at Monsoon kjem forhaldsvis bra ut av det når det kjem til etikk. Det samme gjer Zara.

Om ikkje nokon av desse grønne råda fører fram, så har du i alle fall prøvd. Men om du er opptatt av klede og etikk, kan du engasjere deg gjennom å skrive under på opprop som dette. Du kan også lese Framtiden i våre hender(FIVH) sin guide til meir etiske klede her. FIVH oppfordrar ikkje til boikott, men heller til engasjement for at kleskjedene skal skjerpe seg.

Og husk på det same for nyttårsaftan. Det kan jo hende det går an å bruke den same kjolen til nyttår óg?

Standard
tankar og tenkarar, tips og ting

Bestefar si pelshue

Det er hutrande kaldt ute, men eg held varmen takka være bestefar si pelshue. Mamma fann den fram frå kjellaren i sommar. Med det samme eg såg den tenkte eg at den var fin; men vil eg gå rundt i pels?

Eg ville ikkje ha kjøpt ei slik pelshue sjøl, men eg vil mykje heller gå med den, enn at den ligg kjellaren til ingen nytte. Og så minner den meg om bestefar. Han kjøpte altså pelshue, men han var óg ein mann som sto for ei type nøysomhet og omhu for tinga sine som få har idag.

Mamma syntes at hua kunne trenge ein rens; fóret lukta bestefar sitt etterbarberingsvatn. Men det synes eg er heilt greit. Eit av dei klaraste minna eg har om bestefar, er at han står og barberer seg. Han var grundig og rydda alltid så fint opp etter seg, det som var att etterpå var lukta av barberingsvatnet og ein fuktig barberkost. Eg likte å stryke fingrane over den mjuke kosten hans, han brukte alltid den same.

Bestefar kom frå ein liten gard og var den siste av ti søsken. Han vart oppattkalla etter storebror sin, som døydde før han vart eitt år. Barnedød var jo utbredt på den tida. Bestefar fikk heimestrikka raggsokkar i julegåve då han var liten, og han vart ein mester i å stoppe strømper. Han var ikkje så langt frå å bli ein av dei som aldri nådde vaksen alder sjøl – han fekk tuberkolose som tenåring og låg lenge på sanatorium. Han såg ein tomat for aller første gong som 20-åring, då syntes han ikkje det var noko godt; det svara jo slett ikkje til forventningane: han trudde det var eit veldig raudt eple.

Besteforeldra mine opplevde ein heilt enorm økonomisk vekst i løpet av si levetid. Men dei bevarte mykje av den nøysomheta dei var opplærde til. Dei kasta mindre mat, og tok godt vare på tinga dei hadde. Dei kjøpte kvalitetsprodukt som var laga for å vare lenge. Sparte pengar til oss etterkommarane. På grunn av bestefar min og bestemor mi, har eg mykje fridom idag, eg har ledig tid til å finne ut av korleis eg vil leve.

Eg vil prøve å ta godt vare på hua til bestefar.

Standard
tankar og tenkarar, tips og ting

Prosjekt advent: julefaste

Fruktbarhetsgudinna Proserpina, måla av Dante Gabriel Rossetti

Det fins ein lang tradisjon for å faste i adventstida. I den austlege kirka byrjar julefastenallreie den 15. november. I Sverige markerte Luciafesten byrjinga på førjulsfasta. Men dei fleste fastar vel ikkje noko særleg før jul no om dagen; heller tvert om. Me har julebord og kveldar med gløgg og pepparkaker og ribbe og sjokolade er på billigsalg i butikkane.

Sjølv elskar eg desember, og liker å ha sammenkomstar med god mat og drikke i denne tida. Men i år tenkte eg også at eg skulle begrense meg litt. Ikkje det at eg skal gå og sulte meg – det blir eg berre sur av. Men eg tenkte at eg til kvardags skulle prøve å ete både meir miljøvennleg og billigare enn eg gjer til vanleg. Eg har så smått begynt, og tenkte at eg vil bli litt strengare etterkvart. Kort sagt vil eg kutte ned på kjøt, egg og meieriprodukt og ete meir grønnsaker. Søtsaker, øl og vin skal også sparast på. Då blir det ekstra kjekt når ein samlar seg til førjulskos, eg sparar litt pengar og julematen blir meir å glede seg til!

Standard
bøker, tips og ting, trening og uteliv

Retrotrening: Yoga med Raquel, eller East Meets Welch

Då eg først såg denne boka, var eg skeptisk. Eg trudde verkeleg ikkje at det fordums sex-symbolet Raquel Welch skulle bli min treningsguru.

Men slik vart det altså. Welch viser steg for steg ein serie som tek ein drøy halvtime om ein gjer alle øvelsane ein gong. Det er ein slags yoga med mykje bevegelse(skal være inspirert av Hatha Yoga), som ein blir både sterk og mjuk av. Og så er Wesch fantastisk god på å forklare! Ho skriv enkelt, underhaldande og morsomt. Ho er obs på alle dei tinga som ein kan slite med, og det ein ofte gjer feil. Alle øvelsane er godt illustrert med bilde på bilde av Raquel i kvit turndrakt med skjæring godt over hoftene som viser veg skrittvis.

Det tok si tid før eg lærte alt, og eg gjer det ikkje så ofte. Men det er sant som Raquel seier: når du først har lært deg heile serien, så huskar du den. Det er ofte eg gjer bere halve, eller berre plukkar ut nokon tøyningsøvelsar. Serien heng ikkje saman på ein slik måte at ein må gjere alt på ein gong.

Det skal forresten seiast at nokon av øvelsane er ganske vanskelege. Ein del krever også at ein er forhaldsvis mjuk. Men som Raquel seier: Berre stå på, vær fokusert og gjer så godt du kan! Eg syntes det var kjekt at det var litt utfordrande; det er ei god kjensle når ein får til vanskelege stillingar, og det er artig å kjenne at ein blir mjukare og får bedre balanse og kontroll.

Er dette miljøvennleg trening?

Etter mi erfaring treng ein egentleg ingenting for å trene yoga. Eg synes boka gir meg det eg treng av informasjon, og av utstyrsmessig krevast kun eit teppe for dei liggande øvelse. Eg tenkte på å kjøpe yogamatte, men fann ut at eit bretta ulteppe gjer nytten. Turndrakt med høg skjæring eller andre yogaklede er strengt tatt heller ikkje nødvendig.

Raquel meiner dessuten at yoga fører til at du blir meir fredeleg i sinnet, og at samla sett kan ikkje-valdeleg trening som yoga skape ei fredelegare verd. Mulig det stemmer? Ho oppfordrar også til eit meir vegetarisk kosthald.(dog stiller eg meg spørjande til ein del av kosholdsråda hennar.)

Boka kan kjøpast brukt på Amazon.

Standard