Uncategorized

Saksa frå søndagsavisa

Oda_krohg_aftenposten_1887 Eg har ete sein frukost og lese Aftenpostens kulturdel, og fekk lyst å dele to sitat frå artiklar eg vart begeistra over.

Det første sitatet er henta frå Dag Hessen sin artikkel om Jared Diamonds nye bok om den menneskelege levemåtar, som heiter: The World Until Yesterday: What Can We Learn from Traditional Societies? For den som ikkje har hørt om Diamond, så er han professor i geografi og fysiologi i tillegg til at han har bakgrunn i fleire andre fag. Han blir kalla populærvitenskapelig og tverrfaglig og skriv på ein måte som gjer bøkene hans ganske oppslukande, synes eg. Eg har så langt lest Collapse: How Societies Choose to Fail or Succeed som gjorde stort inntrykk på meg med sine detaljerte beskrivelsar av samfunn som gjekk til grunne. Før denne kom Guns, Germs, and Steel: The Fates of Human Societies. Begge desse er oversatt til norsk, og saman med den siste (som ikkje fins på norsk enda) utgjer desse bøkene ein slags trilogi. Så no har eg nok å lese for ei stund! Men tilbake til Hessen sine betraktningar etter å he lese boka:

«Til tross det materielle overskudd har det oppstått et relasjons- og meningsunderskudd. Forfedrenes kamp for et bedre liv er kronet med seier, men forbannelsen ligger i ønskets oppfyllelse. (…) Vi er evolusjonært utmeislet for de små fellesskap, utfordringen er å innse at disse ikke kan være seg selv nok, men at vi også har forpliktelser overfor det store vi.»

Som Hessen seier, gir ikkje Diamond nokon klare svar på kva vi kan gjere, og det gjer ikkje Hessen sjølv heller. Men her har vi noko å tygge på, iallfall. Det neste sitatet er frå Gunn Hild Lem, som skriv nettopp om forpliktelsane ovanfor det store vi, utan at ho brukar akkurat det uttrykket. Ho byrjar med å seie: «Gi meg de brennende hjerter, så kan vi ta en prat om sindighet», og avsluttar slik:

«Jeg ønsker meg en solidaritetsbevegelse som tør å innrømme hvilke prosjekter som feiler, en miljøbevegelse som tør å være ærlige om hvilke miljøtiltak som har effekt og hvilke som nærmest er for syns skyld, en humanisme som tar alvorlig at religiøs tro er et helt sentralt element i mange menneskers tilværelse, og religiøse som ønsker å forsvare andres rett til å leve sitt liv i tråd med egne overbevisninger – uten at noen av dem mister troen på at verden kan og bør bli bedre enn den er i dag.»

Standard
Uncategorized

Fransk løksuppe

Det du treng er:

4-10 løk (ca 1 løk per porsjon)

2-6 fedd kvitløk           

kraft, eventuelt buljong

timian, gjerne fersk

1-3 laurbærblad

peppar

lyst brød, gjerne tørt

ost

smør og olivenolje til steiking

Løksuppe er kraftmat, og blir best om du har mykje god kraft. Eg brukte kraft etter svineribbe denne gongen, men all slags kraft kan brukast. Løkbuljong frå Kallo, som du kan kjøpe på Helios, gir god hjelp om suppa blir for svak med den krafta du har. Som de ser, har eg ikkje oppgitt nokon detaljerte mengder her – kor mykje du treng av ingrediensar, og kor mykje det blir, kjem an på kor mykje og kor kraftig kraft du har.

Løksuppe er ein fin måte å få brukt tørt brød og osterestar på. Ein skal aller helst bruke osten gruyère, men det går fint med annan ost, eg har brukt Jarlsberg.

Slik gjer du:

Kok opp kraft saman med laubærblad og timian. Skjær løk i skiver og grovhakk kvitløk. Ha smør i middels varm steikepanne og la det bli litt brunt. Ha i løken. Spe på med olivenolje om det blir tørt. Løken skal bli mjuk og litt brun. Ha i kvitløk mot slutten av steiketida. Når løken er klar, ha den i krafta. Ta litt vatn i steikepanna og la det koke litt slik at du får med all den gode løksmaken. Steik ein omgang til med løk på samme måte om det trengs. Smak til suppa; treng den meir vatn, buljong, løk, timian, salt, peppar? Ha i litt mjøljamning om du vil ha den tjukkare. La suppa koke ein halvtimes tid.

Hell suppe i små ildfaste former. Rist ei skive brød per porsjon, og legg skiva på suppa. Ha over rikelig med ost, og sett formene i ovnen på 200 grader. La det steike til osten er passe gylden.

Løksuppe passar ypperleg til oppattvarming, så eg prøver alltid å lage mest muleg når eg set igang. Ha på skive og ost og ha det i ovnen. Nam! (Og foresten, suppa er mykje betre enn den ser ut på biletet – eg har ikkje fått dreisen på matfotografering enda..)

Standard
Uncategorized

Hausten, trea, lyset, fargane!

Eg skriv på master og fann ut at eg for ei stund skal prøve å gjere kun akkurat det – arbeide med masteren. Men når sola skin og trea gnistrar av fargar, må ein berre komme seg ut littegrann, om ein kan.

Eg har alltid vore glad i tre, dei gir meg ei eiga ro. Då eg var lita, tegna eg ofte tre. Mange av tegningane vart ikkje ferdige, eg var så altfor nøyaktig, ville ha med alle dei små detaljane; dei kronglete kvistane, og alle blada. Då er det kjekt å ha digitalt kamera og gå ut og ta så mange bilde ein berre vil.

Standard